Mads er eit mannsnamn som er dansk form av Mats som via Mattis går tilbake til Mathias.

Namnet har fleire variantar: Mads, Mass, Maths, Mats, Matts, Matz.

Kjende personar med namnet Mads

Eit utval personar med namnet Mads, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 438 menn i Noreg som hadde Mads som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 10 gutar som fekk namnet Mads.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Mads og Mats (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Nokre av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dei gjekk så tilbake før dei fekk ein ny toppfase på slutten av 1900 eller litt seinare. Dette gjeld til dømes den danskpåverka stavemåten Mads (med opphav i Mattias) som fekk ein ny topp i 1980-åra. Døme på andre justerte namn med omtrent same kurveprofil er Anders (av Andreas), Lars (av Laurentius) og Mikkel (av Mikael).

Utvikling i bruk av namnet Mads frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Mads frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mads på 1800-talet.

Mads var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mads på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Mads var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.

Historisk bruk av namnet Mads
Historisk bruk av namnet Mads
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg