Målfrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Mál-fríðr av Malm-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘malm’ og etterleddet ‘vakker’ (sjå også Malmfrid).

Namnet har fleire variantar: Molfrid, Målfrid, Maalfrid.

Namnedag er 6. oktober. Møyfrid har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 632 kvinner i Noreg som hadde Målfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Målfrid som var mest brukt 1930–1934.

Utvikling i bruk av namnet Målfrid frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Målfrid frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hornby, Rikard 1947: Fornavne i Danmark i middelalderen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg