Mona er eit kvinnenamn som kan vere kortform av mellom anna Monika og Ramona. I engelsk kan Mona gå tilbake til det irske Muadh-nait der forleddet tyder ‘edel’. Mona er også eit arabisk namn som tyder ‘ønske’.

Namnet har fleire variantar: Mona, Mone, Monna.

Namnedag er 4. mai. Monika har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mona

Eit utval personar med namnet Mona, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 12 612 kvinner i Noreg som hadde Mona som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Mona var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 13 jenter som fekk namnet Mona.

Utvikling i bruk av namnet

Frå 1930 til 1990 var tostava namn på -e gjennomgåande meir populære enn dei på -a, til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke. Men Mona, med topp 1965–1969, er eit unntak frå dette tidsmønsteret. Andre unntak på -a er Eva, Laila, Linda og Pia – og dei russiske Aina, Anja, Nina, Sonja, Tanja og Vera.

Utvikling i bruk av namnet Mona frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Mona frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg