Morten er eit mannsnamn som er dansk og norsk form av Martin. I svensk er stavemåten Mårten brukt.

Namnet har fleire variantar: Morten, Morthen, Mårten, Maarten.

Namnedag er 11. november. Martin og Martine har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Morten

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Morten

Eit utval personar med namnet Morten, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 21 705 menn i Noreg som hadde Morten som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Morten var blant dei 20 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 18 gutar som fekk namnet Morten.

Utvikling i bruk av namnet

Mange av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dei gjekk så tilbake før dei fekk ein ny toppfase på slutten av 1900 eller litt seinare. Dette gjeld til dømes Morten (av Martin) som fekk ein ny topp i 1970-åra. Døme på andre namn av denne typen og med liknande kurveprofil er Anders (av Andreas), Lars (av Laurentius), Mads (av Mathias), Mikkel (av Mikael), Nils (av Nikolaus) og Søren (av Severin).

Utvikling i bruk av namnet Morten frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Morten frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Morten på 1800-talet.

Morten var klart mest brukt i Troms og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Morten på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Morten var klart mest brukt i Troms og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Morthen.)

Historisk bruk av namnet Morten
Historisk bruk av namnet Morten
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg