Nikolai er eit mannsnamn som kan forklarast som genitivsform, Nikolai, av det latinske Nikolaus – på same måte som Pauli er genitivsform av Paulus. Lenger bak kjem Nikolaus av det greske Niko-laos der forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘folk’.

Namnet har fleire variantar: Nicholai, Nicholay, Nickolai, Nickolay, Nicolai, Nicolaj, Nicolay, Nikolai, Nikolaj, Nikolay.

Kjende personar med namnet Nikolai

Eit utval personar med namnet Nikolai, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 415 menn i Noreg som hadde Nikolai som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 59 gutar som fekk namnet Nikolai.

Av dei som heitte Nikolai i perioden 1900–2017, var det 61 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Nikolai. Dette inneber at 39 prosent hadde Nikolai som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Nikolai og Nicolai slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar. Forutan Nikolai og Nicolai gjeld dette namn som Adrian, Fabian, Julian, Kristoffer, Leander, Marius og Teodor. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000.

Utvikling i bruk av namnet Nikolai frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Nikolai frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Nikolai på 1800-talet.

Nikolai var mest brukt i Bergen og Troms.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Nikolai på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Nikolai var mest brukt i Bergen og Troms. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Nikolay.)

Historisk bruk av namnet Nikolai
Historisk bruk av namnet Nikolai
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg