Nils er eit nordisk mannsnamn som lengst bak har opphav i det greske Niko-laos der forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘folk’.

Nils kom til Noreg frå Danmark på 1400-talet.

Namnet har fleire variantar: Niels, Nils.

Namnedag er 6. desember. har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Nils

Kulturell bruk

  • «Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige» (1906–1907) av Selma Lagerlöf.
  • «Nils og Blåmann», teikneserie for barn.
  • Teikneserien «Helt Nils».

Kjende personar med namnet Nils

Eit utval personar med namnet Nils, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 12 774 menn i Noreg som hadde Nils som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Nils var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 88 gutar som fekk namnet Nils.

Utvikling i bruk av namnet

Nils var svært mykje brukt på 1800-talet, og i femårsperiodar innanfor tidsrommet 1800–1879 låg namnet vekselvis som nummer 5 og 6 på ranglista (i 1850–1854 som nummer 4). Nokre av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Deretter fekk dei ein jamn nedgang. I tillegg til Nils (av Nikolaus) gjeld dette Kristen (av Kristian) og Søren (av Severin).

Utvikling i bruk av namnet Nils frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Nils frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Nils på 1800-talet.

Nils var mest brukt i Hordaland og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Nils på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Nils var mest brukt i Hordaland og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Niels.)

Historisk bruk av namnet Nils
Historisk bruk av namnet Nils
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].[/li][li]
  • Schmidt, Tom 1991: Nils i Norge: Utbredelsen av personnavnet og bruken i stedsnavn. I: Gulbrand Alhaug, Kristoffer Kruken og Helge Salvesen (red.): Heidersskrift til Nils Hallan på 65-årsdaen 13. desmember 1991.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg