Øystein er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ey-steinn. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘stein’.

Namnet har fleire variantar: Eistein, Eystein, Øistein, Øisten, Østen, Øystein, Øysten.

Namnedag er 26. januar. Esten har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Øystein

Eit utval personar med namnet Øystein, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 10 657 menn i Noreg som hadde Øystein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Øystein var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 6 gutar som fekk namnet Øystein.

Utvikling i bruk av namnet

Stavevarianten Øystein er blant dei få samansette namna som hadde toppfasen sin på slutten av 1900-talet. Andre døme er Erlend, Vebjørn, Vemund og Åsmund. Varianten Øistein, med [øi], samsvarer med tidlegare rettskriving (før 1938), og Øistein hadde naturleg nok ein tidlegare toppfase enn Øystein. Sidan år 1900 er Øystein brukt sju gongar meir enn Øistein.

Utvikling i bruk av namnet Øystein frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Øystein frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Øystein på 1800-talet.

Øystein var mest brukt i Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Øystein på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Øystein var mest brukt i Telemark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Øistein.)

Historisk bruk av namnet Øystein
Historisk bruk av namnet Øystein
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg