Preben er eit dansk mannsnamn som har opphav i eit gammalt slavisk – nærmare bestemt vendisk – namn: Prid-bor. Forleddet tyder ‘fremst’ og etterleddet ‘kamp’. På dansk grunn vart dette namnet omforma til Pridbjørn som deretter vart til Preben. Namnet fekk dermed same utvikling (-ben av -bjørn) som i Esben av Esbjørn.
Preben
Kjende personar med namnet Preben
Eit utval personar med namnet Preben, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Preben von Ahnen (1606–1675)
- Eilert Waldemar Preben Ramm (1769–1837)
- Preben Kielland Krag (1912–1980)
- Preben Hornung (1919–1989)
- Preben Munthe (1922–2013)
- Preben Elkjær Larsen (1957)
- Preben Hodneland (1986)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 152 menn i Noreg som hadde Preben som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Preben, som er innlånt frå dansk, hadde toppfasen sin i perioden 1985–1989.
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Hornby, Rikard 1978: [Danske Personnavne]. København.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.