Ragnar er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ragn-arr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘krigar’.

Namnet, som truleg er innlånt frå Danmark, forsvann i seinmellomalderen og vart tatt i bruk att i 1851, fyrst i den dansknorske blandingsforma Regnar.

Namnedag er 25. mai. Ragna har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Ragnar

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Ragnar Marcus Julius Monrad fødd 1854 i Kristiania.

Kulturell bruk

  • I «Ragnar Lodbroks saga» (1200-talet) blir det fortalt om den nordiske segnkongen Ragnar Lodbrok (800-talet).

Kjende personar med namnet Ragnar

Eit utval personar med namnet Ragnar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 013 menn i Noreg som hadde Ragnar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 38 gutar som fekk namnet Ragnar.

Utvikling i bruk av namnet

Ragnar var på topp 1930–1934. Døme på andre namn på -ar som hadde toppfasen sin i fyrste halvdel av 1900-talet, er Gunnar, Einar, Idar, Agnar, Ingar, Ingvar, Yngvar, Magnar, Ottar og Reidar.

Utvikling i bruk av namnet Ragnar frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ragnar frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ragnar på 1800-talet.

Ragnar var mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ragnar på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ragnar var mest brukt i Kristiania.

Historisk bruk av namnet Ragnar
Historisk bruk av namnet Ragnar
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg