Ragnhild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ragn-hildr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘strid’.

Namnedag er 17. mai. Harald har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Ragnhild

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Ragnhild

Eit utval personar med namnet Ragnhild, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 11 801 kvinner i Noreg som hadde Ragnhild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Ragnhild var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 31 jenter som fekk namnet Ragnhild.

Utvikling i bruk av namnet

Ragnhild er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen (jamfør dronning Ragnhild på 800-talet). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk det eit sterkt oppsving i siste halvdel av 1800-talet. Namnet fekk den fyrste toppen 1905–1909, og deretter gjekk det til liks med andre renessansenamn nedover, men på grunn av kongeleg fødsel (prinsesse Ragnhild 1930) fekk namnet eit sterkt oppsving i 1930-åra. Det same skjedde med renessansenamna Astrid og Harald på 1930-talet (kongelege fødslar).

Utvikling i bruk av namnet Ragnhild frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ragnhild frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ragnhild på 1800-talet.

Ragnhild var mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Ragnhild fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ragnhild på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ragnhild var mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ragnild.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Ragnhild fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Ragnhild
Historisk bruk av namnet Ragnhild
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg