Raymond er eit engelsk og fransk mannsnamn som går tilbake til gammalhøgtysk Ragin-mund. Forleddet tyder ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘vernar’.

Dette er same namn som det tyske Reimund.

Namnet har fleire variantar: Raimon, Raimond, Raymon, Raymond, Raymund.

Namnedag er 3. november. Roy har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Raymond

Eit utval personar med namnet Raymond, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 937 menn i Noreg som hadde Raymond som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det engelske Raymond hadde toppfasen sin innanfor same tidsrom (1975–1984) som dei engelske Kenneth og Kent.

Utvikling i bruk av namnet Raymond frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Raymond frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg