Roger er eit mannsnamn som kjem av gammalengelsk Hroth-gar. Forleddet tyder ‘ære’ og etterleddet ‘spyd’. Etterleddet -gar svarer til det norske -geir, og det sjeldne norske Rodgeir har same opphav og tyding som Roger.

Namnedag er 4. januar. Roar har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Roger

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var ein innvandrar frå Sverige: kjøpmann (manufaktur) Roger L. L. Smith fødd 1842, busett i Drammen i 1900.

Kjende personar med namnet Roger

Eit utval personar med namnet Roger, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 586 menn i Noreg som hadde Roger som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Roger var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn.

Utvikling i bruk av namnet

Til liks med ein del andre engelske namn, til dømes Johnny, Tom og Roy, hadde Roger toppfasen sin i 1960-åra.

Utvikling i bruk av namnet Roger frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Roger frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg