Ruth er – til liks med Rut – eit hebraisk kvinnenamn med usikker tyding.

Namnet har fleire variantar: Rut, Ruth, Rutt.

Kjende personar med namnet Ruth

Eit utval personar med namnet Ruth, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 205 kvinner i Noreg som hadde Ruth som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 9 jenter som fekk namnet Ruth.

Utvikling i bruk av namnet

Ruth er det einaste bibelske namnet blant dei einstava kvinnenamna. Desse namna hadde toppfasen sin 1935–1974, til dømes Aud, Bjørg, Gro, Gry, Gunn, Liv og Unn. Men Ruth skil seg også ut frå desse namna ved at det fekk ein tidleg topp (1920–1924). På denne tida var bibelske namn lite brukte. Stavemåten Ruth kan sjåast i samanheng med internasjonal stavemåte av dette namnet, for det er Rut som står i den norske bibelen. Rundt år 2000 fekk ei rekkje bibelske namn eit sterkt oppsving, men dette gjeld ikkje Ruth.

Utvikling i bruk av namnet Ruth frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Ruth frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg