Sigrun er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Sig-rún. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘siger’ og etterleddet ‘hemmeleg kunnskap’.

Namnet har fleire variantar: Sigrun, Sigrund, Sigrunn.

Namnedag er 10. januar. Sigmund har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Sigrun

Kulturell bruk

  • Sigrun er ei valkyrje i kvadet om Helge Hundingsbane (i «Volsungesagaen»).
  • Sigrun i Richard Wagners opera «Die Walküre» (1856).

Kjende personar med namnet Sigrun

Eit utval personar med namnet Sigrun, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 350 kvinner i Noreg som hadde Sigrun som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Sigrun og varianten Sigrunn som begge var mest brukte i 1930-åra. Sidan år 1900 har den språkhistorisk korrekte forma Sigrun vore brukt nesten tre gongar meir enn Sigrunn.

Utvikling i bruk av namnet Sigrun frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sigrun frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sigrun på 1800-talet.

Sigrun var mest brukt i Troms.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sigrun på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sigrun var mest brukt i Troms. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Sigrund.)

Historisk bruk av namnet Sigrun
Historisk bruk av namnet Sigrun
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg