Sissel er eit kvinnenamn som er norsk form av det latinske Cecilia som lengst bak har opphav i adjektivet caecus som tyder ‘blind’.

Namnet har fleire variantar: Cissel, Sidsel, Sissel, Sissil.

Namnedag er 22. november. Cecilie og Silje har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Sissel

Eit utval personar med namnet Sissel, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 805 kvinner i Noreg som hadde Sissel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Sissel var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Sissel og Sidsel slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tostava usamansette kvinnenamn med ending på konsonant var mest brukte innanfor tidsrommet 1900–1959, til dømes Birgit, Bodil, Edel, Ellen, Lisbeth. Dette gjeld også Sissel (topp 1955–1959) og Sidsel (topp 1945–1954). Sidan år 1900 har Sissel vore brukt fire gongar meir enn den danske varianten Sidsel.

Utvikling i bruk av namnet Sissel frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Sissel frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sissel på 1800-talet.

Sissel og Sidsel var mest brukt i Østfold og Buskerud.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sissel på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sissel og Sidsel var mest brukt i Østfold og Buskerud.

Historisk bruk av namnet Sissel
Historisk bruk av namnet Sissel
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg