Sjur
Personar med namnet Sjur
Kulturell bruk
- «Sjur Gabriel» (1887) av Amalie Skram.
Kjende personar med namnet Sjur
Eit utval personar med namnet Sjur, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Sjur Aamundssøn Sexe (1808–1888)
- Sjur Fedje (1852–1933)
- Sjur Bygd (1889–1985)
- Sjur Lothe (1893–1972)
- Sjur Lindebrække (1909–1998)
- Sjur Brækhus (1918–2009)
- Sjur Refsdal (1935–2009)
- Sjur Baardsen (1959)
- Sjur Mørdre (1963)
- Sjur Larsen (1964)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 340 menn i Noreg som hadde Sjur som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 17 gutar som fekk namnet Sjur.
Utvikling i bruk av namnet
Sjur er blant dei namna som på 1300-talet fekk ei endra form med utgangspunkt i eit norrønt namn (Sigurðr). Til liks med fleire namn av denne typen, til dømes Even og Iver, var Sjur mykje brukt tidleg på 1800-talet. Utover på 1800-talet fekk namnet ein jamn nedgang, og frå 1920-åra stabiliserte det seg på eit lågt nivå.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Sjur var klart mest brukt i Hordaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Siur.)
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.