Susanne er eit kvinnenamn som via det greske Sousanna går tilbake til det hebraiske ordet sjosjanna som tyder ‘lilje’.
Susanne
Kjende personar med namnet Susanne
Eit utval personar med namnet Susanne, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Thekla Resvoll (1871)
- Kathrine Susanne Bugge (1877)
- Susanne Langer (1895)
- Susanne Ringell (1955)
- Susanne Bier (1960)
- Susanne Bratli (1966)
- Susanne Lundeng (1969)
- Susanne Wigene (1978)
- Susanne Sundfør (1986)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 286 kvinner i Noreg som hadde Susanne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 7 jenter som fekk namnet Susanne.
Utvikling i bruk av namnet
Til liks med fleire trestava namn på -e var Susanne noko brukt på 1800-talet. Desse namna fekk så ein ny topp rundt år 2000. For Susanne sin del kom toppen 1985–1994, og dette kan sjåast i samanheng med den internasjonale trenden med popularitet for bibelske namn på den tida. Det er også mogleg at Leonhard Cohens song «Suzanne» (1967) har medverka til oppsvinget.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Susanne var mest brukt i Telemark og Aust-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Susane.)
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.