Svanhild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Svan-hildr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘svane’ og etterleddet ‘strid’.

Namnet er truleg innlånt frå vestgermansk.

Namnedag er 13. februar. Scott har også namnedag denne dagen.

Kulturell bruk

  • Svanhild i «Kjærlighetens komedie» av Henrik Ibsen (1862).

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 869 kvinner i Noreg som hadde Svanhild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnet Svanhild kan knytast til den nordiske namnerenessansen, for Svanhild er i segnhistoria dotter av Sigurd Fåvnesbane og Gudrun Gjukesdotter. Namnet kom i bruk att i siste halvdel av 1800-talet, og det fekk toppfasen sin 1925–1934, og dette er noko seinare enn toppfasen for andre renessansenamn.

Utvikling i bruk av namnet Svanhild frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Svanhild frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Svanhild på 1800-talet.

Svanhild var klart mest brukt i Bergen. Deretter kjem Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Svanhild fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Svanhild på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Svanhild var klart mest brukt i Bergen. Deretter kjem Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Svanhild fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Svanhild
Historisk bruk av namnet Svanhild
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg