Tomas er eit mannsnamn som via det latinske og greske Thomas går tilbake til hebraisk Toma som tyder ‘tvilling’.

Namnet har fleire variantar: Thomas, Thommas, Tomas, Tommas.

Namnedag er 21. desember. Tom og Tommy har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Tomas

Eit utval personar med namnet Tomas, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 114 menn i Noreg som hadde Tomas som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 7 gutar som fekk namnet Tomas.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Tomas og Thomas slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tomas og Thomas var noko brukte i siste halvdel av 1800-talet og fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. Det same gjeld Simon. Dette står i motsetning til fleire bibelske namn med to toppfasar, til dømes Andreas, Daniel, Elias, Gabriel, Isak og Jakob. Denne gruppa hadde nemleg den fyrste toppfasen tidleg på 1800-talet, ikkje i siste halvdel av 1800-talet som Tomas og Thomas. Den internasjonale stavemåten Thomas har sidan år 1900 vore brukt 10 gongar så mykje som Tomas, som er den forma som står i den norske bibelen.

Utvikling i bruk av namnet Tomas frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Tomas frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tomas på 1800-talet.

Tomas var mest brukt i Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tomas på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tomas var mest brukt i Aust-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thomas.)

Historisk bruk av namnet Tomas
Historisk bruk av namnet Tomas
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg