Tonje er eit kvinnenamn som kan vere dialektform (Aust-Agder) av Torny. Tonje kan også vere kortform av Antonie.

Namnet har fleire variantar: Tonja, Tonje.

Namnedag er 13. juni. Tanja og Tone har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Tonje

Eit utval personar med namnet Tonje, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 842 kvinner i Noreg som hadde Tonje som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Tonje var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Tonje, med topp 1990–1994, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tove, Trude, Vilde og Wencke.

Utvikling i bruk av namnet Tonje frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Tonje frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tonje på 1800-talet.

Tonje var klart mest brukt i Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tonje på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tonje var klart mest brukt i Aust-Agder.

Historisk bruk av namnet Tonje
Historisk bruk av namnet Tonje
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg