Torbjørn er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-bjǫrn. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘bjørn’.

Namnet har fleire variantar: Thorbjørn, Torbjørn.

Namnedag er 5. juni. Torben og Torbjørg har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Torbjørn

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Torbjørn

Eit utval personar med namnet Torbjørn, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 540 menn i Noreg som hadde Torbjørn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 gutar som fekk namnet Torbjørn.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Torbjørn og Thorbjørn slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Torbjørn og Thorbjørn høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Torbjørn, som var på topp i 1930-åra, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald og Sigmund. Sidan år 1900 har Torbjørn vore brukt meir enn tre gongar så mykje som Thorbjørn.

Utvikling i bruk av namnet Torbjørn frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Torbjørn frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torbjørn på 1800-talet.

Torbjørn var mest brukt i Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torbjørn på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Torbjørn var mest brukt i Hordaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thorbjørn.)

Historisk bruk av namnet Torbjørn
Historisk bruk av namnet Torbjørn
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg