Tore er eit mannsnamn som kjem av norrønt Þórir. Det kan vere avleidd av gudenamnet Tor, men Þórir kan også gå tilbake til eit eldre *Þór-vér der forleddet er gudenamnet Tor. Etterleddet kan blant anna ha tydd ‘kjempe’.

Les om kvinnenamnet Tore.

Namnet har fleire variantar: Thore, Tore.

Namnedag er 19. oktober. Tora har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Tore

Eit utval personar med namnet Tore, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 14 982 menn i Noreg som hadde Tore som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Tore var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 9 gutar som fekk namnet Tore.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Tore og Thore slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Tore og Thore gjekk sakte nedover på 1800-talet til ein botn tidleg på 1900-talet. Tore og Thore var på topp omtrent samtidig, Thore 1940–1944 og Tore 1945–1949. Sidan år 1900 har Tore vore brukt nesten 11 gongar meir enn Thore.

Utvikling i bruk av namnet Tore frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Tore frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tore på 1800-talet.

Tore var mest brukt i Rogaland og Møre og Romsdal.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tore på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tore var mest brukt i Rogaland og Møre og Romsdal. (I stolpediagrammet inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thore.)

Historisk bruk av namnet Tore
Historisk bruk av namnet Tore
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersson, Thorsten 1993: Sakrala personnamn – eller profana? I: Lena Peterson (red.): Personnamn i nordiska och andra germanska fornspråk. NORNA-rapporter 51. Uppsala .

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg