Truls går tilbake til mannsnamnet Torgils som kjem av det norrøne Þor-gísl der forleddet er gudenamnet Tor. Bakgrunnen til etterleddet er noko uklar. Gisle kan vere det same som forleddet Gisel- i det tyske Gisel-bert der Gisel tyder ‘spire, skott (på tre)’. Andre namn med denne tydinga er Chloe, Ritva og Vesa. Gisl- kan også gå tilbake til ei våpennemning (pil).

Namnedag er 19. mai. Torje og Torjus har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Truls

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Truls

Eit utval personar med namnet Truls, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 147 menn i Noreg som hadde Truls som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 gutar som fekk namnet Truls.

Utvikling i bruk av namnet

Det einstava danske Truls hadde ein seinare toppfase (1985–2004) enn det som var vanleg for dei fleste einstava nordiske namna – med toppfase innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir og Kjell.

Utvikling i bruk av namnet Truls frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Truls frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Truls på 1800-talet.

Truls var klart mest brukt i Buskerud.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Truls på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Truls var klart mest brukt i Buskerud. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Truels.)

Historisk bruk av namnet Truls
Historisk bruk av namnet Truls
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Otterbjörk, Roland 1979: [Svenska förnamn]. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.[/li][li]
  • Seibicke, Wilfried: [Historisches Deutsches Vornamenbuch. 1–4]. Walter de Gruyter–Berlin–New York.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg