Viggo er eit mannsnamn frå cirka 1200. Det er ei latinisering som er gjort av den danske historikaren Saxo Grammaticus (†1220). Utgangspunktet for Viggo er det austnordiske Vigge som er kortform av namn på Vig- med tydinga ‘kamp, strid’, til dømes Vigfus.

Namnet vart tatt i bruk i Noreg i 1816.

Namnet har fleire variantar: Viggo, Wiggo.

Namnedag er 15. juni. Vigdis har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Viggo

Kulturell bruk

  • «Lille Viggo, vil du ride ranke?», song av H.C. Andersen.

Kjende personar med namnet Viggo

Eit utval personar med namnet Viggo, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 320 menn i Noreg som hadde Viggo som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Viggo.

Utvikling i bruk av namnet

Viggo var på topp 1945–1959. Det er svært få namn med denne lydstukturen (tostava namn på -o), og det er dermed ikkje mogleg å fastslå om namn av denne typen har ein eigen kurveprofil.

Utvikling i bruk av namnet Viggo frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Viggo frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Viggo på 1800-talet.

Viggo var klart mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Viggo på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Viggo var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Wiggo.)

Historisk bruk av namnet Viggo
Historisk bruk av namnet Viggo
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg