Wilhelm er eit mannsnamn som går tilbake til gammalhøgtysk Willi-helm. Forleddet tyder ‘vilje’ og etterleddet ‘hjelm.

Namnet har fleire variantar: Vilhelm, Wilhelm, Willem.

Kjende personar med namnet Wilhelm

Eit utval personar med namnet Wilhelm, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 057 menn i Noreg som hadde Wilhelm som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 40 gutar som fekk namnet Wilhelm.

Av dei som heitte Wilhelm i perioden 1900–2017, var det 66 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Wilhelm. Dette inneber at 34 prosent hadde Wilhelm som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874, og ein god del av dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Wilhelm gjeld dette namn som Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto og Sivert.

Utvikling i bruk av namnet Wilhelm frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Wilhelm frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg