Yngve er eit mannsnamn som kjem av norrønt Yngvi. Det kan førast tilbake til det fellesgermanske *Ingwaz som var namnet på ein germansk gud.

Namnet har fleire variantar: Ingve, Yngve.

Namnedag er 11. februar. Ingve har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Yngve

Kulturell bruk

  • «Mannen som elsket Yngve» (2003), roman av Tore Renberg (filmatisert i 2008).

Kjende personar med namnet Yngve

Eit utval personar med namnet Yngve, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 232 menn i Noreg som hadde Yngve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Yngve frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Yngve frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg