Yngvild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Yngv-ildr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet var opphavleg -hildr i norrønt, og det tyder ‘strid’.

Namnet har fleire variantar: Yngvil, Yngvild, Yngvill.

Namnedag er 8. november. Ingvild har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Yngvild

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Yngvild Emilie Bødker fødd 1897 i Stavanger, busett i Lillehammer i 1900.

Kjende personar med namnet Yngvild

Eksempel på ein person med namnet Yngvild som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 279 kvinner i Noreg som hadde Yngvild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Yngvild frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Yngvild frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg