Atle er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Atli. Dette namnet er gammalt og går tilbake til germansk Attala med tydinga ‘veslefar’. Attala er i sin tur er laga til ordet atta som tyder ‘far’.

I Norden kunne Atle bli assosiert med eit adjektiv som tyder ‘fæl’, jamfør norrønt atall.

Namnet har fleire variantar: Asle, Atle.

Namnedag er 8. april. Asle har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Atle

Eit utval personar med namnet Atle, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 525 menn i Noreg som hadde Atle som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 10 gutar som fekk namnet Atle.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Atle frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Atle frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg