Hopp til innhold
Ari Behn. Foto: Per Heimly / Kolon forlag. Nytta etter avtale.
Ari Behn. Foto: Per Heimly / Kolon forlag. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Ari Behn

Ari Behn, forfattar. Han debuterte med den kritikarroste novellesamlinga Trist som faen i 1999. 

Ari Mikael Behn (fødd Ari Mikael Bjørshol) blei fødd 30. september 1972 i Århus i Danmark og døydde for eiga hand 25. desember 2019 i Bærum.

Behn gifta seg med prinsesse Märtha Louise i 2002 og gav ut praktboka Fra hjerte til hjerte saman med henne same året. Behn og Märtha Louise skilde lag i 2016.

Han har skrive fleire romanar. Bakgård (2003) skildrar reisa ein ung mann tek til Nord-Afrika, Entusiasme og raseri kom i 2006, og i 2009 gav han ut Vivian Seving etc. – Sladder, forskyvninger og andre overdrivelser om en prinsesse og hennes samtid. Bøkene Talent for lykke (2011) og Tiger i hagen (2015) er samlingar med forteljingar. Behn har elles gjeve ut noveller, artiklar og forteljingar i tidsskrift og antologiar og debuterte som dramatikar 2011 med skodespelet «Treningstimen», som var oppsett ved Rogaland Teater. I 2018 kom Inferno, som blei den siste boka hans. Inferno er ein roman illustrert med måleri av Behn, der mørkeret og døden er viktige tema. 


 
 

Video frå NRK Skole: «Ari Behn - Entusiasme og Raseri», frå «Bokprogrammet» 10.10.2006.


Sist oppdatert: 08.01.2020