Hopp til innhold
X
Innhald

Toril Brekke

Toril Brekke, fødd 1949, er forfattar. Ho har mellom anna gitt ut romanane Jenny har fått sparken (1976), Sølvfalken (1986), Granitt (1994), Ibsens røde lykt (1996), Aske (1999), Sara (2001), Brostein (2003), Bergskatt (2004) og Drømmen om Amerika (2006).
 
I 2000 fekk ho Riksmålsprisen for novellesamlinga Enkenes paradis. Andre novellesamlingar ho har gitt ut er Jakarandablomsten (1985) og Blindramme (1997). Brekke har òg skrive ein trilogi om norsk utvandring: Drømmen om Amerika (2006), Gullrush (2008) og Det lovede landet (2010). Av barne- og ungdomsbøker nemner vi Mannen som hatet fotball (1987), Den hemmelige tvillingen (1991), Den hemmelige hemmeligheten (1996) og Fiolette trekroner (1998).
 
Ho har òg skrive kriminallitteratur og essay. I 2002 gav ho ut biografien Paal Brekke. En kunstner. Et liv, om faren. Brekke var leiar i Den norske Forfatterforening i åra 1987–91 og i PEN-klubben i perioden 1992–97.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.11.2014