Samiske språk
Utbreiinga til dei ulike samiske språka. Grensene og inndelinga er omtrentleg.
Samiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Sápmi er det tradisjonelle namnet på det historiske busetjingsområdet til samane. På norsk heiter området Sameland, på nordsamisk Sápmi, på lulesamisk Sámeednam eller Sábme og på sørsamisk Saepmie.

Faktaboks

Også kjend som

Sameland

Sápmi har ingen formelle grenser, men det er vanleg å ta med Nord-Noreg, Trøndelag og nokre område rett sør for Trøndelag (især Trollheimen og Femundsmarka-traktene). Utanfor Noreg blir Kolahalvøya i Russland, Lappland i Finland og Norrland i Sverige rekna som innanfor Sápmi. I desse områda er samane ein minoritet.

Namnet kjem av samefolket si eiga nemning på seg sjølv, sámit eller sápmelaččat (nordsamisk). I Noreg vart folket tidlegare kalla lappar eller finn, likeins lappar i Sverige og lappalaiset i Finland.

I Noreg, Sverige og Finland finst det eigne sameting (sjå Sametinget). Samiske organisasjonar frå alle desse tre landa og dessutan Russland deltek i Samerådet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg