Brú debuterte som forfattar i 1930 med oppvekstromanen Lognbrá (Luftspeiling), som fem år seinare fekk fortsetjinga si med Fastatökur (Fast tak).
Brú er ein framifrå språkkunstnar som på meisterleg vis skildrar natur og menneskesinn i bonde- og fiskarmiljø. Romanane og novellene hans klargjer samtidig dei sterke brytningane i det færøyske samfunnet i overgangen mellom bondesamfunn og fiskeidustrisamfunn. Den viktigaste er Feðgar á ferð (1940, norsk omsetjing: Fattigfolk på ferde, 1964), men også i dei seinare romanane, som til dømes den historiske romanen Men lívið lær (1970), finst stor språkkunst og innsikt i menneskeliv og samfunnsmekanismar. Han gav også ut fleire novellesamlingar, og på norsk ligg antologien Krossvatn (ved Knut Skattebu, 1971) føre. Brú skreiv òg dikt.
Brú omsette ei rekkje store forfattarar til færøysk, til dømes Emily Brontë, William Shakespeare og Fjodor Dostojevskij, i tillegg til nordiske forfattarar som Knut Hamsun, Henrik Ibsen, Astrid Lindgren og den danskspråklege landsmannen William Heinesen. Brú fekk Holberg-medaljen i 1982
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.