Hopp til innhold
X
Innhald

Graham Greene

Graham Greene, 1904–91, var britisk forfattar.

Green skreiv ei rekkje romanar, noveller og skodespel, og manus til filmen The Third Man (regissert av Orson Welles, 1949).

Viktige romanar er mellom andre Brighton Rock (1938), The Power and the Glory (1940), The Heart of the Matter (1948) og The Human Factor (1978). Han gav også ut sjølvbiografiane A Sort of Life (1971) og Ways of Escape (1980), og reiseskildringar som The Lawless Roads (1930). Mange av romanane er omsette til norsk. Dei kombinerer spennande handling med utprøving av moralske dilemma.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.02.2017
Sist oppdatert: 21.02.2017