Hopp til innhold
X
Innhald

Matthew Arnold

Matthew Arnold, 1822–88, var britisk diktar, skulereformator og litteraturkritikar.

Det mest kjende diktet hans er «The Scholar-Gipsy» (1853). Essays in Criticism (bind 1, 1865; bind 2, 1888) har hatt mykje å seie for det moderne litteratursynet vårt. Culture and Anarchy (1869) kritiserer materialismen i viktoriatida. Arnold var ein av grunnleggjarane av den moderne humanismen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.02.2017
Sist oppdatert: 21.02.2017