Faktaboks

Saul Bellow

eigentleg Solomon Bellows

Uttale
bˈelou
Fødd
10. juni 1915, Lachine, Québec, Canada
Død
5. april 2005, Brookline, Massachusetts, USA
Saul Bellow
Saul Bellow vann Nobelprisen i litteratur i 1976.
Av /GPA Photo Archive.
Lisens: CC BY NC 2.0

Saul Bellow. Foto frå 1976.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Saul Bellow var ein kanadisk-amerikansk forfattar som er mest kjend for romanane The Adventures of Augie March (1953), Seize the Day (1956), Herzog (1964) og Humboldt's Gift (1975). Bellow står som den kanskje mest feira amerikanske forfattaren i etterkrigstida og fekk Nobelprisen i 1976. Etter at han døydde, har det likevel ikkje herska noka full semje om dei litterære kvalitetane og den litterære statusen hans.

Biografi

Bellow var fødd i ein forstad til Montreal av jødiske foreldre som berre få år tidlegare hadde emigrert frå Russland. Foreldra snakka russisk og jiddisk heime, medan barna snakka fransk på gata og engelsk på skulen. Seinare skreiv Bellow at han lenge ikkje eingong visste at alt dette var ulike språk. Faren prøvde seg i ei rekkje yrke utan å lykkast, og han byrja etter kvart med spritsmugling til USA.

I 1924 flytta familien ulovleg vestover til Chicago, den store industri- og slaktarbyen ved Lake Michigan. Sauls far og eldre brør gjorde det så smått betre i kolhandel og eigedomssal og blei svært velståande etter depresjonen, medan Saul vaks opp med bøker og idear og heldt fram med å vere ein forgjelda outsider til han sjølv blei rik då romanen Herzog (1964) overraskande hadde appell langt ut over dei vanlege nedslagsfelta hans. Det tydelegaste trekket i imaget hans er deretter den boklærde og verdsvande elegantieren – alltid velkledd, alltid følsam, alltid tøff – like heime blant Chicagos gangsterar som ved det berømte universitetet i byen.

Forfattarskap

Tematikk

Bellows bøker er karakteriserte av presise skildringar av kva det vil seie å vere eit sjølv i det amerikanske storbylivet, slik det arta seg frå 1920-talet til rundt 1975, ei eiga evne til komisk-grotesk karakterisering av bipersonar som ein må til Charles Dickens for å finne maken til, og ein vakker balanse mellom open modernistisk sensibilitet, klare realistiske forpliktingar og stor språkleg innovasjonslyst. Bellows personar står gjerne i ein krisesituasjon, og i forsøket på å finne ei ny likevekt, fortaper dei seg i mange lag av minne om barndom og oppvekst i dei jødiske fattigkvartera – med tallause eksentriske slektningar og naboar. Desse minna er gjerne positivt lada, men dei inneheld òg den svolten på suksess og rikdom som skulle til for å kjempe seg inn i eit stadig meir uoversiktleg, brutalt og utilfredsstillande vaksentilvære.

I løpet av 1960-talet auka Bellows kulturpessimisme, men han redda seg lenge inn med humoren sin og «den håplause gleda det var å tenkje med godhug på dei døde», som ein av dei aldrande skikkelsane hans formulerer det. Fjodor Dostojevskij, Franz Kafka og Theodore Dreiser var tidlege innflytelsar, men Bellows mest eigentlege modus er den komiske tradisjonen som går frå Henry Fielding via Charles Dickens og Mark Twain til James Joyce. Illustrerande døme i miniatyr er meisterlege noveller som «The Old System» (1968) og «A Silver Dish» (1978), den perfekte staden å starte for nye Bellow-lesarar. Etter 1980 gjekk forfattarskapen inn i ein markert svakare fase.

Tidlege bøker

Før andre verdskrigen studerte Bellow sosiologi og sosialantropologi i Chicago og fekk seinare ulike engasjement ved universitet i Midtvesten. Den første romanen, Dangling Man (1944), blir skriven medan han ventar på ei militærteneste det av helsegrunnar aldri blir noko av. Allereie i den andre boka, The Victim (norsk omsetjing: Offeret, 1947), om ein travel forleggjar som i New Yorks feberheite sommargater blir forfølgd av ei plageånd frå fortida, er det meisterlege tydeleg, sjølv om han enno ikkje heilt har funne sin eigen stil.

The Adventures of Augie March

Stilen hans kjem først med The Adventures of Augie March (1953), som også er den beste kjelda til dei fattig-energiske gatene frå Bellows barndom. Den farlause familien til den vakne hovudpersonen blir der styrt av leigebuaren Grandma Lausch, ein av «dei små gatene og nabolaga sine Machiavelli-ar», ein «langkloa gammal hauk av ein bolsjevik». Hukommelsen hennar «spesialiserte seg på misferder og fornærmingar», og ho tenkte best med ein sigarett mellom «dei mørke små gommane som all lista og vondskapen og kommandoen hennar strøymde ut frå».

Det småkriminelle kaoset i desse gatene blir skildra med fridom og lette og lange, opne setningar som var med på å fornye amerikansk litteratur. Like mykje som Jack Kerouacs On the Road (1957) og J. D. Salingers The Catcher in the Rye (1951) varslar boka om ei ny tid og ein ny sensibilitet, ein stil basert meir på fri improvisasjon enn på fast struktur. Særleg den første tredelen av boka er framleis eminent Bellow – deretter kan fråværet av mål og meining og plott bli trøyttande.

Herzog

Bellows sentrale roman no er Herzog (1964), den tragikomiske forteljinga om korleis litteraturprofessoren og romantikk-eksperten Moses Herzog blir kasta ut i desperasjon då den unge kona hans forlèt han til fordel for den nærmaste omgangsvennen hans. Herzog sjølv blir riven mellom Woody Allen-aktige sjølvransakingar og bitter hemnlyst. Han er stort sett nesten fortapt i det moderne livet som amoralsk og fargerikt fer forbi han, og han responderer med ein fragmentarisk kulturkritikk formulert i tallause brotstykke av usende brev til kjende og ukjende – frå advokatane og psykologane som har byrja å overta livet hans, til Dwight Eisenhower, Martin Heidegger og Friedrich Nietzsche.

Humboldt's Gift

I romanen Humboldt's Gift frå 1975 (norsk omsetjing: Humboldts gave, 1976), ein slags oppfølgjar, er det ikkje skilsmisse og utruskap som plagar den endå meir Bellow-liknande hovudpersonen, men den evigvarande rettsforfølginga frå ei ny ekskone og alle dei sjølvvalda problema som kom med rikdommen og suksessen. Plottet her er sterkare, men den siste delen av boka, og Bellows seine forfattarskap generelt, blir svekt av sjølvmedynken hans, svakheita hans for sitt eige ry og ein auka distanse til den kulturen som omgir han.

Status i dag

100 år etter at han var fødd, haustar Bellow framleis mange genierklæringar, og for mange høyrer han til blant dei største prosastilistane i sitt hundreår. Blant dei sterkaste støttespelarane hans er forfattarar som Martin Amis og Philip Roth og dessutan kritikaren James Wood, som snakkar om «den glade, rullande fridommen i Bellows dristig uforsikra setningar, ein prosa overmoden av tradisjon, fylt til brestepunktet av minna om William Shakespeare og D. H. Lawrence, og likevel godt førebudd på å handtere moderne kriser».

Blant skeptikarane er litteraturforskaren Harold Bloom, som meiner at alle dei store romanane har diffuse hovudpersonar som eigentleg manglar eit sant indre eg, eit Whitman-aktig Real Me, eit fokus som kunne ha vore noko anna enn vag, absorberande passivitet. Eit slikt standpunkt kan støttast opp under av ein tidleg karakteristikk av Bellow, gitt på 1940-talet av den gode vennen hans, forfattaren Isaac Rosenfeld: «Som personlegdom er Bellow sterk, sunn, rasjonell, spontan, vakker, leiken, kreativ og fleksibel. Som karakter er han svak, avhengig, kjedeleg, blokkert, utan evne til moro eller glede. Det dreiar seg om ei grunnleggjande splitting.»

Utmerkingar (utval)

  • 1954: National Book Award for Fiction for The Adventures of Augie March
  • 1965: National Book Award for Fiction for Herzog
  • 1971: National Book Award for Fiction for Mr Sammlers's Planet
  • 1976: Pulitzerprisen for Humboldt's Gift
  • 1976: Nobelprisen i litteratur

Utgivingar

Romanar

  • Dangling Man (1944)
  • The Victim (1947)
  • The Adventures of Augie March (1953)
  • Seize the Day (1956)
  • Henderson the Rain King (1959)
  • Herzog (1964)
  • Mr. Sammler's Planet (1970)
  • Humboldt's Gift (1975)
  • The Dean's December (1982)
  • More Die of Heartbreak (1987)
  • A Theft (1989)
  • The Bellarosa Connection (1989)
  • The Actual (1997)
  • Ravelstein (2000)

Kortprosa

  • Mosby's Memoirs (1968)
  • Him with His Foot in his Mouth (1984)
  • Something to Remember Me By: Three Tales (1991)
  • Collected Stories (2001)

Dramatikk

  • The Last Analysis (1965)

Sakprosa

  • To Jerusalem and Back (1976), memoarar
  • It All Adds Up (1994), essay
  • Saul Bellow: Letters (red.: Benjamin Taylor) (2010), brev
  • There Is Simply Too Much to Think About (2015), samla sakprosautgivingar

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Atlas, James (2000). Bellow. A Biography, isbn 0-375-75958-1
  • Bellow, Greg (2013). Saul Bellow's Heart: A Son's Memoir, isbn 978-1608199952
  • Dutton, Robert R. (1982). Saul Bellow, isbn 0-8057-7353-3
  • Hyland, Peter (1992). Saul Bellow, isbn 0-312-07598-7
  • Leaders, Zachary (2015). The Life of Saul Bellow: To Fame and Fortune, 1915–1964, isbn 978-0224084673
  • Leaders, Zachary (2018). The Life of Saul Bellow: Love and Strife, 1965-2005, isbn 978-1101875162
  • Miller, Ruth (1991). Saul Bellow : a biography of the imagination, isbn 0-312-03927-1

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg