Hopp til innhold
X
Innhald

Drottsete

Drottsete, hirdembete som utvikla seg til riksforstandarembete. På 1200-talet fungerte den norske drottseten som ein slags første hovmeister, men hadde også seremonielle funksjonar ved hirda. Då hirda vart oppløyst, dvs. frå omkring 1308 og i åra som følgde, vart konsekvensen først at drottseteembetet vart viktigare, og deretter at det gjekk over frå å vere eit kongeleg embete til å bli eit riksembete.

Den norsk-svenske kongelege personalunionen av 1319 aktualiserte behovet for ein politisk leiar av riket. I 1323 vart Erling Vidkunsson vald til drottsete med fulle kongelege fullmakter og fekk stilling som riksforstandar. Dette vart ei vanleg ordning ved mindreårig tronfølgjar eller kongeløyse. Også sjølve omgrepet riksforstandar vart teke i bruk ved sidan av drottsete, og på 1400-talet fungerte drottseten også som hovudsmann for det norske riket. Seinare kom også ordet (riks)hovmeister i bruk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.05.2016
Sist oppdatert: 18.05.2016