Holmgang var i nordisk mellomalder ein tvikamp som blei utkjempa på ein «holme», det vil seia ei verkeleg øy eller ein avgrensa plass. Utgangspunktet for tvikampen var typisk at den eine parten utfordra den andre til holmgang.

Fenomenet er eit ynda sagamotiv. Holmgang blei rekna som ein slags gudsdom i førkristen tid, men blei avskaffa etter at kristendommen var innført.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg