Lensmann var ein offentleg tenestemann med ei rekkje ulike oppgåver, og er i Noreg kjent frå 1200-talet. Lensmannen blei tilsett av og var underordna sysselmannen. Som hovudregel skulle det ikkje vera meir enn to lensmenn i kvart fylke.

Faktaboks

Etymologi

norrønt lénsmaðr

Dei første oppgåvene til lensmannen

I 1293 kom eit påbod om at lensmenn skulle plukkast blant forstandige bønder av god ætt, og den utnemnde lensmannen heldt fram med å vera bonde. Den viktigaste oppgåva til lensmannen var å reka lénit – altså å driva inn offentlege fordringar i distriktet på vegner av sysselmannen («lénit» siktar til sjølve verksemda, inndrivinga i form av skatt eller bøter). Han hadde også politistyresmakt og kunne mellom anna stemne folk for lagmannen.

Under Danmark-Noreg

Etter at Noreg kom under dansk styre i 1537 blei lensstyret innført, og innehavarane av lena nytta seg av fullmektigar, futar, i forvaltninga. Lensmannen blei då kalla bondelensmann for å unngå forveksling med lensinnehavaren. Han blei tilsett av futen, men tingallmugen måtte godkjenna han. Bondelensmannen kom i ei merkeleg mellomstilling som ombodsmann for futen og tillitsmann for bøndene. Etter kvart blei distrikta mindre, og landet fekk fleire bondelensmenn. Lensmannen hadde ikkje krav på fast løn, til inntekta frå verksemda fekk han ein del av sakøyren (utbyte frå bøter og inndrege gods).

Frå eineveldet

eineveldet blei innført, blei lensmannen frå 1662 tilsett av amtmannen og oppnådde seinare ei mindre, fast godtgjersle. Lensmannen hadde ei sentral stilling i bondesamfunnet, og blant utsendingane til riksforsamlinga på Eidsvoll var det fem lensmenn. Den veksande sjølvkjensla blant bøndene etter formannskapslovene, som kom i 1837, førte til krav om at lensmenn skulle tilsetjast av heradsstyra då denne delen av lokalforvaltninga frå gammal tid var skjøtta av det beste folket i bygda. Kravet møtte motstand blant embetsmennene, og i lensmannslova av 1884 beheldt amtmannen tilsetjingsretten, men måtte velja ein av kandidatane som heradsstyret hadde peikt ut.

Lensmannen i moderne tid

Eit karakteristisk særtrekk ved lensmannsetaten har vore kombinasjonen av offentlege og private gjeremål. Ved sida av å ha ansvaret for polititenesta på landet, var lensmannen namsmann, ofte manntalsførar, bidragsfut, hovudstemnevitne, skjønnsstyrar og protesterar av vekslar. Han hadde også oppdrag for skifteretten.

Tidlegare var lensmannen administrativt underlagd fylkesmannen. Ved politireforma i 1994 blei lensmannen integrert i politidistriktet ved at han administrativt blei lagd inn under politimeisteren, og inngjekk dimed heilt i politiorganisasjonen. Dei tidlegare omfattande sivile gjeremåla, bortsett frå namsmannsfunksjonen, blei overførte til andre etatar. Det var no nærast ingen skilnad i gjeremåla mellom politiet og lensmennene. Frå 2021 er tittelen lensmann erstatta av kjønnsnøytrale titlar som politistasjonssjef og politiavdelingsleiar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nordstoga, Olav: Lensmenn i 800 år : jubileumsbok Norges lensmannslag 1893–1993, 1992.
  • Olafsen, Arnet: Våre lensmenn : et bidrag til den norske lensmannsstands historie gjennem 700 år, 1930.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg