Nordøk
Nordøk, bokstavord for Nordisk økonomisk samarbeid, ein plan om eit breitt økonomisk samarbeid (tollunion, forskingssamarbeid m.m.) som vart føreslått av Nordisk Råd 1954, og i omarbeidd form i 1968. Dei nordiske regjeringane vart i 1970 einige om eit traktatutkast, men forhandlingane vart innstilte på grunn av finsk motstand.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 18.05.2016