Hopp til innhold
X
Innhald

Cleng Peerson

Cleng Peerson (eigentleg Kleng Pedersen), 1782–1865, er kalla «far til den norske utvandringa». Peerson kom til Amerika i 1821. Forteljingane hans førte til den første organiserte norske utvandringa, med sluppen «Restauration», som etter 96 døgn kom fram 9. oktober 1825. I 1835 førte han nordmenn til nytt land i Illinois. Sjølv slo han seg ned i Texas, der han døydde.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2016
Sist oppdatert: 05.04.2016