Hopp til innhold
X
Innhald

Englandsfarten

Englandsfarten, omgrep for trafikken som mellom 1940 og 1942 førte om lag 3200 nordmenn frå Vestlandet til allierte hamner i England, i hovudsak på Shetland og Orknøyane. Nordmennene skulle delta i kampen for Noreg på utefronten. Det var snakk om ca. 300 båtar, dei fleste fiskeskøyter, og trafikken var størst frå Ålesund-distriktet. Englandsfarten kosta over 320 menneske livet.

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 02.02.2016