Hopp til innhold
X
Innhald

Fedrelandslaget

Fedrelandslaget, politisk organisasjon som vart grunnlagd i 1925 for å skape borgarleg einskapsfront (samling) mot den sosialistiske arbeidarrørsla. Støttespelarar var mellom andre Christian Michelsen og Fridtjof Nansen. Organisasjonen var aktiv ved vala i 1930 og 1933, og stilte enkelte eigne lister i 1936. Fedrelandslaget hadde i 1930 om lag 100 000 medlemmer. Organisasjonen vart oppløyst i 1940.


Sjå video frå NRK Skole, der Walter Fyrst fortel om Fedrelandslaget.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 02.02.2016