Hopp til innhold
X
Innhald

Frisinnede Venstre

Frisinnede Venstre vart stifta i 1909, då ein moderat fløy innanfor Venstre braut ut på grunn av misnøye med den sosialradikale politikken i partiet. Frisinnede Venstre valde å samarbeide med Høgre, og representanten frå Søndre Bergenhus, Wollert Konow, vart statsminister i den nye regjeringa som vart danna med Høgre. Samarbeidet heldt fram til midten av 1920-åra.
 
Wollert Konow. Foto: Statsministerens kontor.
Wollert Konow. Foto: Statsministerens kontor.
 
Også Abraham Berge, som vart statsminister i 1923, kom frå Frisinnede Venstre. Partiet gjekk tilbake i 1930-åra, mista representasjon på Stortinget og vart ikkje reorganisert etter 1945.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.01.2015