Hopp til innhold
X
Innhald

Gregers Gram

Gregers Gram, 1846–1929, var jurist og politikar i Høgre. Gram verka som høgsterettsdommar i 1884–89 og 1891–93. Dessutan var han statsminister i Stockholm i 1889–91, 1893 og 1895–98. I 1898 vart han stiftsamtmann i Hamar, og dette embetet hadde han fram til 1915. Gram vart nytta som internasjonal skilsdommar i ei rekkje saker fram mot 1920.

Gregers Gram var bestefaren til motstandsmannen med same namn.

Først publisert: 03.02.2015
Sist oppdatert: 03.02.2015