Hopp til innhold
X
Innhald

Heimefronten

Heimefronten er ei samlenemning på motstandsrørsla i Noreg under den andre verdskrigen.

Heimefronten, samlenemning på motstandsrørsla i Noreg under den andre verdskrigen. Ho omfatta både den væpna motstanden, den illegale etterretninga, flyktningtransporten og ei rekkje former for haldningsarbeid og sivil motstand. Organiseringa av motstanden byrja i 1940 og fekk fast struktur og leiing i løpet av 1941. Militærorganisasjonen vart anerkjend av Londonregjeringa i november 1941.

Dei mest sentrale organa i Heimefronten var Milorg-leiinga og den sivile leiinga, som også vart danna i 1941 og var sett saman av Koordinasjonskomiteen og den sentrale Kretsen. Frå årsskiftet 1944–45 gjennomførte heimestyrkane sabotasje omtrent dagleg. Aksjonane var då særleg retta mot jernbanenettet (troppetransportar). Leiinga i Heimefronten fekk fullmakt til å ta seg av regjeringa si rolle ved den tyske kapitulasjonen i 1945. Heimefronten vart formelt oppløyst 14. mai 1945.

Heimefronten to av medmedlemane i Oslo under frigjeringsdagane i mai ukjend fotograf Oslo Museum kjelde CC BY SA 4.jpg?w=600

To medlemmar i heimefronten, i Oslo under frigjeringsdagane i 1945. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0


Sjå video frå NRK skole om Milorg og Heimefronten:



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.02.2016
Sist oppdatert: 01.11.2016