Faktaboks

Jo Gjende
Jo Tjøstelsson Gjende
Fødd
august 1794, Vågå
Død
27. februar 1884, Vågå
Verke
Storskyttar og fjellmann
Familie

Foreldre: Bonde Tjøstel Olsson Kleppe (ca. 1750–1797) og Marit Pedersdotter Horgen (ca. 1750–1798).

Ugift.

Jo Gjende
Av /Oslo Museum.

Jo Gjende var ein legendarisk reinsjeger midt på 1800-talet, som i ein periode av livet sitt budde året rundt ved Gjende i Jotunheimen og levde av jakt.

Gjende er skildra av Theodor Caspari i Vildren og av Tore Ørjasæter i dramaet Jo Gjende. Eit minnesmerke over han er reist av Den Norske Turistforening på grava hans i Vågå. Minnesmerket viser ein villreinflokk og er teikna av Gerhard Munthe.

Bakgrunn

Han var fødd på søre Kleppe i Vågå. Faren, kjend som «Galn-Tjøstol» og ein dårleg gardbrukar, drukna i Vågåvatnet da Jo var tre år, og mora døydde berre eit halvår etterpå. Garden vart bortleigd, og Jo kom til Heringstad i Heidal, der mora var frå. Der voks han opp. I ungdomen dreiv han med handel og la seg opp litt pengar. Men han likte ikkje handelslivet; han ville helst drive med jakt og fiske, og fekk tidleg namn som ein god storfuglskyttar. 18 år gamal skaut han første reinen sin, og frå då dreiv han meir og meir i fjellet.

Jo viste tidleg eit uvanleg stivsinn, og kom på tvert med bokleg katekismelærdom og kristendom. Han hadde lite til overs for prestane i bygda, som han hadde dårlege røynsler med. Men da Jo i eldre år møtte Christopher Bruun, fekk han stor respekt for han. Jo hadde fått dårleg opplæring i skoleåra, men i vaksen alder tok han til å interessere seg for filosofi, og kom over opplysningslitteratur av forfattarar som Volney, Smith, Paine, Voltaire og Holberg. Dette stava han seg gjennom, og han tileigna seg mykje kunnskap.

Jakt

Det var i Jotunheimen, kring Gjende, Bessvatnet, Russvatnet og Veodalen, i Heimdalsfjellet og på flya mot Valdres at Jo helst dreiv på jakt. Her vart han kjend med mange gamle fjellmenn og jegerar, og lærte av dei. Rundt 1840 bygde Jo seg ei bu ved Gjendeosen. Litt seinare bygde han seg også ei bu ved vestre enden av Gjende. I ein periode budde Jo året rundt ved Gjende, og det var her han fekk tilnamnet «Gjende».

Jo dreiv for det meste på reinsjakt, og skal ha skote rundt 600 reinsdyr, av desse minst 500 storbukkar. Simler og ungdyr likte han ikkje å skyte. Jo var kjend for å vere svært uthaldande i fjellet, og kunne følgje etter dyr i fleire døgn. Elles skaut han fem bjørnar i si tid. Og når storbukkane hadde felt geviret og var mindre interessante, jakta han på tiur og rype. Han brukte berre børse når han jakta, ikkje feller, og var svært nøye på børsene sine. Han brukte berre flintlås, og hadde lite til overs for den moderne perkusjonslåsen. Ein gong vart han overtala til å prøve ei perkusjonsrifle inne ved Gjende, men det gjekk ikkje betre enn at børsa klikka. Dermed reiv Jo låsen av og kasta den langt ut på Gjende. «Djevelen søkkje deg rett ned,» sa Jo; han var kjend for å bruke sterke ord.

I 1850 kjøpte Jo ein liten fjellgard øvst i Heidal – Brurusten. Her budde han når han ikkje var i fjellet. Han var kjend som ein særling, og denne eigenskapen auka på med åra. Men han møtte mykje folk i fjellet, og dei som lærte å kjenne han godt, sette stor pris på han. I 1855 kom to av dei første engelskmennene som tok seg inn i Jotunheimen, Mr. J. Blackwell og Mr. T. Rathbone til Gjende, og der møtte dei Jo. Desse vart buande saman med han ved Gjende ein stor del av vinteren, og dei vart nære vener. Elles møtte Jo ein likemann når det galdt livssyn og naturinteresse i forstmeister J. B. Barth, som òg vart ein god ven.

Jo Gjende døydde på garden sin, Brurusten, og vart gravlagd ved Vågåkyrkja. På grava reiste Den Norske Turistforening ein minnestein av kleber teikna av Gerhard Munthe, ein villreinflokk i fullt sprang innover fjellet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gjems, Sven R.: Jo Gjendes rike, 1983
  • Jo Gjende 1794 – 1884 : fjellmann og jeger, utgj. av Vågå historielag, 1991
  • Møller, Arvid: Jo Gjende, 1979
  • J. B. Barth: John Gjendin. En biografisk Skidse, i Norsk Jæger- og Fiskerforenings Tidsskrift, 1877
  • T. Caspari: Vildren, 1905
  • I. Kleiven: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • d.s.: I gamle daagaa, 1944
  • T. Steen: Jo Gjende og hans samtid, 1959
  • A. Møller: Jo Gjende, 1979
  • M. Øvsteng: «Jo Gjende», i Årbok for Gudbrandsdalen, 1994

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg