Josefine er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Josef.

Namnet har fleire variantar: Josefin, Josefina, Josefine, Josephine.

Namnedag er 19. mars. Josef har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Josefine

Eit utval personar med namnet Josefine, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 568 kvinner i Noreg som hadde Josefine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 112 jenter som fekk namnet Josefine.

Av dei som heitte Josefine i perioden 1900–2017, var det 66 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Josefine. Dette inneber at 34 prosent hadde Josefine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

På 1800-talet fungerte namn på -ine som oppkallingsnamn etter mannlege slektningar, t.d. Oline etter Ole og Hermine etter Hermann. Slike namn var svært populære midt på 1800-talet. Denne oppkallingsskikken gjekk sterkt tilbake på 1900-talet, og når Josefine har vorte populært att på 2000-talet, er ikkje dette eit resultat av den gamle skikken med oppkalling etter mannlege slektningar. Josefine – og Josephine – har vore eit kongeleg namn, til dømes Josefine (1807–76), dronning av Sverige og Noreg. Dette kan ha vore ein grunn til at namnet har vorte populært att – i motsetning til dei fleste andre -ine-namna på 1800-talet. I Sverige er -ina det vanlege suffikset, og der heitte dronninga Josefina, ikkje Josefine.

Utvikling i bruk av namnet Josefine frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Josefine frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Josefine på 1800-talet.

Josefine var mest brukt i Østfold og Kristiania og Vestfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Josefine på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Josefine var mest brukt i Østfold og Kristiania og Vestfold. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Josephine.)

Historisk bruk av namnet Josefine
Historisk bruk av namnet Josefine
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg