Hopp til innhold
X
Innhald

Konsulatsaka

Konsulatsaka, vanleg nemning på striden som førte til oppløysing av unionen mellom Noreg og Sverige. Noreg hadde frå 1814 felles diplomati og konsulatvesen med Sverige. Etter kvart som den norske skipsfarten og utanrikshandelen auka, fann landet seg dårleg tent med svensk representasjon i utlandet.
 
18. februar 1905 sette Stortinget ned ein spesialkomité, og i forståing med denne danna Christian Michelsen 7. mars ei samlingsregjering med føremål om å opprette eit eige norsk konsulatvesen. Innstillinga frå komiteen vart nekta sanksjon av Kongen i statsråd. 7. juni gjekk regjeringa Michelsen av. Stortinget vedtok samrøystes å gje regjeringa makt til å halde fram. 15. juni 1905 vart det oppretta eit eige norsk utanriksdepartement.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.01.2015