Hopp til innhold
X
Innhald

Majavatn-affæren

Majavatn-affæren, var ein kamp under andre verdskrigen som førte til at fleire nordmenn vart avretta i 1942.

Majavatn-affæren, kamp mellom tyske soldatar og norske heimefrontsmenn som fann stad 6. september 1942 på Tangen ved Store Majavatn i Nordland. Tre tyskarar fall. Som represaliar avretta tyskarane ti nordmenn under unntakstilstanden i Trondheim 6.–12. oktober 1942. I tillegg vart 24 nordmenn frå distrikta omkring Majavatn dødsdømde og avretta mellom 7. og 8. oktober 1942.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2016
Sist oppdatert: 21.03.2016