Hopp til innhold
X
Innhald

Menstadslaget

Menstadslaget, samanstøyt mellom utestengde arbeidarar, politiet og etter kvart også militære under stor-lockouten i 1931.
 
Blant dei utestengte arbeidarane ved Norsk Hydro vekte det stor vreide at bedriftsleiinga tilsette «kontraktsarbeidarar» ved eksporthamna Menstad ved Skien. 8. juni 1931 gjekk eit stort demonstrasjonstog til Menstad.
 
Det kom til nærkamp, og om lag 2000 demonstrantar jaga dei kring 100 politifolka på flukt. Slaget var over på fem minutt. Det er dette masseslagsmålet som er kalla Menstadslaget.
 
Arbeidarar demonstrerer ved kontoret på Menstad losse- og lasteplass i protest mot bruken av streikebrytarar. Foto: Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek. Løyve for Allkunne.
Arbeidarar demonstrerer ved kontoret på Menstad losse- og lasteplass i protest mot bruken av streikebrytarar. Foto: Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek. Løyve for Allkunne.
 
 
Statspolitiet, eit kompani frå Garden og fire marinefartøy vart sende til Menstad. Forsvarsministeren i regjeringa Kolstad var Vidkun Quisling, men det var justisminister Asbjørn Lindboe som stod bak dette militære oppbodet. Seinare vart 28 arbeidarar tiltala. To av dei vart bøtelagde, og 20 fekk fengselsstraff. Menstadslaget vart ståande som symbol på konfrontasjonen mellom arbeidarrørsle, kapitalmakt og statsmakt i mellomkrigstida.
 
Sjå video frå NRK Skole Quisling og Menstadslaget
 
 
 

Først publisert: 03.02.2015
Sist oppdatert: 03.02.2015